RYSSTAD, Hyltestad Soknehus
fredag, 2 augusti 2024
kl:19:15
KONSERT med Knut Hamre og Helge Jordal
Hans E. Kinck var fødd i Øksfjord i Finnmark i 1865, men vaks
opp blant anna i Setesdal og i Strandebarm i Hardanger.
Han døydde i Oslo 1926. Hans E. Kinck skreiv teaterstykke,
essays, romanar og noveller i stort omfang og av høg kvalitet.
Særleg er novellene hans mykje lesne og omtykte. Med seg
frå barndom og ungdom hadde han ei sjeldan kjennskap
til norsk kultur og norsk folkeliv. Etterkvart sette han seg og
grundig inn i europeisk kultur og historie. Fleire norske
komponistar har lete seg inspirere av Kinck sine tekstar blant
anna Eivind Groven. Novellene, Hvitsymre i utslåtten, Felen
i Vilde skogen og Den nye kappelanen er filmatisert! I denne
konserten vil Hege Jordal lese frå forfattarskapen til Hans E.
Kinck og Knut Hamre vil spele Hardingfele til tekstane.